Og her har eg høyrt at Tarjei Vesaas, nei, han kunne ikkje skrive dikt. Han skreiv utrulege romanar, men dikt, nei, det kunne han ikkje, og så går eg til bokhandelen og kjøper meg dikta då, likevel, på sett og vis på trass, og så opnar eg boka og les:
Snø og Granskog
Tale om heimsleg -
snø og granskog
er heimsleg.
Frå første stund
er det vårt.
Før nokon har fortalt det,
at det er snø og granskog,
har det plass i oss -
og sidan er det der
heile heile tida.
Meterdjup fonn
kring mørke tre
- det er for oss!
Innblanda i vår eigen ande.
Heile heile tida,
om ingen ser det,
har vi snø og granskog med.
Ja lia med snøen,
og tre ved tre
så langt ein ser,
kvar vi er
vender vi mot det.
Og har i oss ein lovnad
om å koma heim.
Koma heim,
gå borti der,
bøye greiner,
- og kjenne så det fer i ein
kva det er å vera der ein høyrer til.
Heile heile tida,
til det er sløkt
i våre innlandshjarte.
—-
og det er då vel bra, dette?
So much depends
upon
a red wheel
barrow
glazed with rain
water
beside the white
chickens.
seier no berre eg (og William Carlos Williams).
Hedda said,
October 28, 2010 at 3:24 am
Her streifer jeg innom bloggen din litt sånn på måfå, og det første jeg finner er dette. For et fint dikt! Takk for tipset
myklebust said,
November 7, 2010 at 5:56 pm