Minn meg på å lese Olav H. Hauge, Witold Gombrowicz og Lars Norén sine dagbøker neste gong eg har skikkeleg, skikkeleg god tid!
Anders Bodegård skriv i føreordet til Gombrowicz:
“Til Rita säger han de vakra orden: “Jag är centrum i universum, men det är du också.” Kanskje är det så att när han blåser upp sig själv, blåser han upp också mig, dig.”
Eg har tru på slik litteratur. Trur eg.
Advertisement
Kjell Sindre Schmidt said,
March 15, 2010 at 8:36 pm
Hei, det er meg, du veit, Kjell Sindre (droppa epost då det ikkje har gagna meg før; beinhard empirisme).
Lurte på om me skal spleise på Hauge-dagbøkene? So kan me ha dei annankvar veke? Og verte glade laksar (og sjuke på sinnet)? Ja?
myklebust said,
March 15, 2010 at 11:08 pm
Vert det ikkje litt tungt å flytte fem tjukke bind att og fram mellom Sagene og Skøyen kvar veke? Vi kan heller ete glade laksar, avokado og sesamfrø, innrulla i ris og nori, med wasabi, soyasaus og sylta ingefær på glas (den er rosa, slik som i amerika!).
Dagbøkene var faktisk på same pax/samlaget/oktober-bakgårdssalg som oss. Håper dei stiller neste år óg!