Tenk at dei har funne endå eit dikt av Olav H. Hauge! Bodil Cappelen, enkja etter Hauge, fann diktet på eit stykke grønt papir blant kvite konvoluttar som Hauge hadde med seg når han reiste rundt og las opp dikta sine. Han pla skrive dikta på konvoluttar fordi dei tok liten plass i veska, og når han var ute på reise ville han gjerne få med seg flest mogleg bøker heim. Cappelen reknar med at dette er eit av dei siste dikta diktaren dikta. Det er i så høve litt av ei avslutning:
Set ikkje mi oske
i ei kald grav.
Strøy ho for vind og vêr,
kast ho i hav!
–
Lenge var eg stengd
i smerte og sut.
Gråt, hjarta,
di sorg ut,
–
Sval, sjel,
din lengtings brand,
vogg i villblom
på framand strand!