Rundetur (eller rundtur om du vil)

Den årlige rundturen til Ulsteinvik, Fosnavåg og Runde gjekk av stabelen her ein dag. Neida, turen kan nok ikkje kallast årlig før han eventuelt skjer neste år. Det er berre fint å skrive at ting går av stabelen, og for at dei skal gå av stabelen må dei vel helst skje årlig, eller i allefall med jamne mellomrom. Om nokon lurer på kva ein stabel eigentleg er, og kvar uttrykket “å gå av stabelen” kjem frå:

stabel -en, -bler (opph sm o s norr stǫpull ‘tårn’, bet. 1 og 2 fra lty stapel)
1 lagvis ordnet haug en s- med planker, aviser
2 underlag som et fartøy hviler på mens det bygges gå, løpe av s-en bli sjøsatt; også: finne sted
3 tapp i hengsel

Motivasjonen for turen var Lars Arve si manglande røynsle med verdas djupaste tunnel. Nei, ikkje Seikantunnelen i Japan, som var lengst fram til 23. Februar 2008,  men…. hald deg fast…. Eiksundtunnelen! Eit totalt feilaktig bilete av Runde som ein plass utan snø og med ein heil gjeng artige fuglar flaksande rundt omkring (slik det sikkert er om sumaren) var også motiverande. Kven skulle tru at det er vinter på Runde, berre fordi det er vinter i Ørsta?

Første stopp. Mangel på Kari, men heldigvis ikkje på kaffi.

Om berre årstida hadde hatt ei mindre fientleg innstilling…

Lyset i enden av tunnelen. Desse vegarbeidarane, altså. Byggjer veg med så stor iver og konsentrasjon at dei ikkje ser opp ein gong. Så står dei der då, med enorme steinar framfor seg, og utan anna råd enn å byggje seg i gjennom dei òg.

Mest truleg den flottaste plass på jord.

Verkeleg usakleg av oss. Vi ber alle som kjenner seg råka om orsak.

God sjokolade og god kaffi på Madelynn i Fosnavåg.

Forferdeleg uhell i uveiret.

Den einaste rundefuglen vi såg var ein bleik kopi.

Lars Arve går i eit med landskapet.

Førebuing til appelsinsjonglering på det ytste neset.

Soundtrack:

Neil Young – Prarie Wind

Van Morrison – Tupelo Honey

Shit City – God Bless Our Home

Sondre Bratland – Det Er Den Draumen

samt denne karen:

2 Comments

  1. February 15, 2009 at 6:43 pm

    Lundefugl! Ikkje “rundefugl!” Og for å ungå fleire alvorlege mistydingar i framtida stemmer eg for at me følgjer etter færøyveringane og går over til “sjøpapegøye.” Kanskje særleg fordi det er eit ord som inneheld så mange andre fine ord. Sjø, ø, ape, eg, gøy, øy, øye. Og om du set desse saman igjen, får du jo det nesten i overkant festlege (her gjeld det å halde tunga snorrett i munnen);

    Sjøøapeeggøyøyøye.

  2. myklebust said,

    February 15, 2009 at 9:25 pm

    Kan fuglane forvente anna? Når dei kallar seg “lundefuglar” og busett seg på Runde? Sjøøapeeggøyøyøye, sjø. (Som ein trønder ville ha sagt).
    Driv du med slike ordablegøyer på det jamne?


Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.