På halvtårsdagen min, midt i mellom 20 og 21, har eg:
- Opphaldt meg i Berkeley
-Ete bagels med peanutbutter og jelly
- Drukke root beer
- Spasert ein heil del
- Kjøpt ei bok av Milan Kundera. Ei såkalla ikkje-fiksjonbok, endåtil.
- Gitt pengar til ein tiggar som skilta med (oi, godt å bruke uttrykket “skilta med” i bokstaveleg tyding) at han tok i mot “verbal abuse” i bytte mot småpengar. No kan du lure på om eg utnytta han verbalt.
- Vore på to kinoar. Såg ein halvdårleg fransk film, samt Waltz With Bashir for andre gong. Den er slett ikkje halvdårleg, men tvert om ein av dei sterkaste eg har sett.
- Sett ei dame ete opp ein stor popcorn og drukke ei stor cola i løpet av 45min av ein kino, for så å forlate kinoen for å kjøpe seg endå ein stor popcorn og endå ei stor cola.
- Tenkt litt på framtida og slikt. Trur den blir bra.
KORT MELDING BLIR SKRIVE MED CAPS LOCK. DETTE FORDI ALT ER SÅ SINNSJUKT STORT HER I USA (ENDÅTIL TOALETTSKÅLENE ER GIGANTISKE). DESSE LITT UVANLEGE SETNINGANE, DELVIS GRUNNA CAPS LOCK, DELVIS GRUNNA SYNTAKSEN, FOR Å FREISTE Å FRAMKALLE HJÅ LESAREN LITT AV DEN MERKELEGE STEMNINGA EIN ER I NÅR EIN ER I USA. GALSKAPEN VENTAR PÅ KVART GATEHJØRNE OG LUSKAR DESSUTAN RUNDT OM KRING I GATENE ÒG.
—-
Elles les eg at Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? av Johan Harstad skal verte til tv-serie. Skumle saker med desse bøkene som vert til filmar og tv-serier. Høyrest ut som det ikkje skal vere noko bok att. For evig “oppgradert” til film. Skumle saker.
Fem handlarar framfor meg dannar ei bein rekkje fram til kassa på butikken. Truleg er det nokre bak meg òg, men det vert med mistanken. Eg er nemleg opptatt med å halde blikket hardt festa til nakken framfor meg. Der følgjer eg med på tida.
Tida går sakte. Ho går berre når dei framfor meg går. Eitt steg er lik eitt sekund.
Tikk..
Tikk..
Kvar gong uroleg for at det kanskje vil ta slutt – at alt stoppar opp for alltid. Ventar på eit steg til Gi meg eit steg til. Berre eitt einaste steg til!
Endeleg eit nytt steg. Tikk.
Eg byrjar med stiv arm å løfte opp varene. Tida går raskare. Tikk, tikk, tikk og tikk. Fire varer ligg på rullebandet. No vert strekkodane registrert. Tikk, tikk, tikk og tikk. “105.00″ flimrar rødt på skjermen. Eg strekk fram armen, med 150 kroner godt plassert mellom fingrane. Dei slepp taket.
Hendene bak kassa let ei maskin lukte på lappane. Maskina er nøgd og syg dei i seg etter tur. Tikk, tikk. Hendene bak kassa gir meg ingen ting attende. Dei berre kvilar seg i skuggen av ei anna maskin, nærare meg. Den let tre stive myntar dette ned i ei metall-skål. Tikk, tikk og tikk.
Men aldri eit rom for takk.
—-
Det at denne teksta no vart publisert utan at eg spurde forfattaren om løyve først, fører meg vidare til skryt nr.3. Teksta har nemleg vore publisert før, utan løyve frå forfattaren, i ei bok som du kan kjøpe her: 425037
—
Skryt til Asgeir Hoem og Lars Arve Bratteberg sitt designarbeid. Sjå Asgeir sitt her: www.asgeirhoem.no
I dag har eg høyrt på Jefferson Airplane, Grateful Dead og The Mamas & The Papas. Ikkje fordi eg er spesielt glad i nokon av dei, men fordi eg om 48timar kjem til å vere i eit fly over atlanterhavet på veg til San Francisco, California. Eg trur foresten at The Mamas & The Papas var frå New York, men likevel:
Eg har ikkje heilt tatt meg tid til å byggje opp forventningar og slikt, men nokon mål har eg då satt meg:
- Sjå eit Redwoodtre (verdas største tre, veks berre i California)
- Flykte frå Alcatraz (mest truleg på ein mindre dramatisk enn Frank Morris gjorde det)
- Ta sjølvmord frå Golden Gate Bridge (Neida, men eg les på wikipedia at det blir tatt eit sjølvmord kvar fjortande dag på denne brua. Ekstremt.)
- Sitje på med ein av dei flotte trikkane
- Springe i skikkeleg bratte bakkar
- Ta ein tur til Los Angeles
- Ete kylling frå bøtte
- Drikke vin frå California (Sjølvom eg faktisk ikkje er gamal nok der)
- Vitje dette huset:
Om nokon har fleire tips, blir eg sjølvsagt glad.
Eg skal i alle høve lyde Scott MacKenzie og gå med blomar i håret.
Eit godt tips til dei som skulle finne på å interessere seg i litteratur av alle ting:
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/59457
Universiteta i Oslo, Bergen, Tromsø og NTNU laga i samarbeid med NRK 9 episoder på ca 30 minutt som tek for seg høgdepunkt i vestleg litteraturhistorie (eller nokon av høgdepunkta, då), samt ei episode om lesebriller og litteraturteori.
Serien fekk meg til å lese fleire bøker eg aldri trudde eg skulle orke å ta fatt på. Ganske kjekt, eigentleg.
Og apropos stor litteratur: Pilegrim, den nyaste plata til Odd Nordstoga, er ENORM (Dette kjem endå til frå ein som knapt likte dei to førre platene i det heile teke). Mykje takka vere tekstene til Stein Versto og Ragnar Hovland (Ok, Arve Henriksen og Ståle Storløkken og Odd Nordstoga og alle dei andre som spelar og produserer og miksar og driv med omslagsdesign og fotografi og andre ting òg (all denne bruken av “og” fekk meg til å tenkje på at det går an å lage ei setning med ordet “og” minst fem gongar etter kvarandre, t.d om ein står og ser på skiltet til ein frisørsalong som heiter Adam og Eva og meiner at (her kjem setninga) mellomrommet mellom Adam og og og og og Eva er litt stort (takk til Typisk Norsk)), men desse driv ikkje med stor litteratur, og er difor utelatne frå denne posten. (I allefall om ein utelèt parentesane frå denne posten. (Men då er det jo ikkje stort att))). (Er det foresten tillate å drive med slik parentes(mis)bruk?). Her får du dei første orda frå plata, så får du skaffe resten sjølv:
Dette er ein gamal veg
der fut og fant fór fram ein gong;
no ber vegen mine steg
og røysta mi ber fram ein song.
Neidå, du skal få litt til, sidan vi først var inne på NRK:
Her med Arve Henriksen og Ståle Storløkken om eg ikkje tek feil.
Og her med ein noko beskjeden opptreden av Ragnar Hovland og Ukulela hans.
På dagar der ein innser at ein skal ha både muntleg og skriftleg privatisteksamen i fransk om ca tre månader, og at ein slett ikkje nyttar dagane sine til å lære fransk (noko ein bør gjere spesielt sidan ein aldri har lært fransk verken på skulen eller av nokon andre), er det kjekt å kome over fenomen som “Les Ogres de Barback”.
Salman Rushdie fekk i dag sitt tjuande valentinskort frå Iran. Kortet informerer han om at landet framleis har planar om å ta livet av han. Rushdie tek det heile med ro: “Det har nådd et punkt hvor det er et stykke retorikk snarere enn en reell trussel”(Morgenbladet 13. Februar).
Eg syng (eller rappar) med Side Brok: Ej e en glad laks, som Salman Rushdie.
Den årlige rundturen til Ulsteinvik, Fosnavåg og Runde gjekk av stabelen her ein dag. Neida, turen kan nok ikkje kallast årlig før han eventuelt skjer neste år. Det er berre fint å skrive at ting går av stabelen, og for at dei skal gå av stabelen må dei vel helst skje årlig, eller i allefall med jamne mellomrom. Om nokon lurer på kva ein stabel eigentleg er, og kvar uttrykket “å gå av stabelen” kjem frå:
stabel-en, -bler (opph sm o s norr stǫpull ‘tårn’, bet. 1 og 2 fra lty stapel)
1
lagvis ordnet haug en s- med planker, aviser
2
underlag som et fartøy hviler på mens det bygges gå, løpe av s-en bli sjøsatt; også: finne sted
3
tapp i hengsel
Motivasjonen for turen var Lars Arve si manglande røynsle med verdas djupaste tunnel. Nei, ikkje Seikantunnelen i Japan, som var lengst fram til 23. Februar 2008, men…. hald deg fast…. Eiksundtunnelen! Eit totalt feilaktig bilete av Runde som ein plass utan snø og med ein heil gjeng artige fuglar flaksande rundt omkring (slik det sikkert er om sumaren) var også motiverande. Kven skulle tru at det er vinter på Runde, berre fordi det er vinter i Ørsta?
Første stopp. Mangel på Kari, men heldigvis ikkje på kaffi.
Om berre årstida hadde hatt ei mindre fientleg innstilling…
Lyset i enden av tunnelen. Desse vegarbeidarane, altså. Byggjer veg med så stor iver og konsentrasjon at dei ikkje ser opp ein gong. Så står dei der då, med enorme steinar framfor seg, og utan anna råd enn å byggje seg i gjennom dei òg.
Mest truleg den flottaste plass på jord.
Verkeleg usakleg av oss. Vi ber alle som kjenner seg råka om orsak.
God sjokolade og god kaffi på Madelynn i Fosnavåg.
Forferdeleg uhell i uveiret.
Den einaste rundefuglen vi såg var ein bleik kopi.
Lars Arve går i eit med landskapet.
Førebuing til appelsinsjonglering på det ytste neset.