Vranglære

Og her har eg høyrt at Tarjei Vesaas, nei, han kunne ikkje skrive dikt. Han skreiv utrulege romanar, men dikt, nei, det kunne han ikkje, og så går eg til bokhandelen og kjøper meg dikta då, likevel, på sett og vis på trass, og så opnar eg boka og les:

Snø og Granskog

Tale om heimsleg -
snø og granskog
er heimsleg.

Frå første stund
er det vårt.
Før nokon har fortalt det,
at det er snø og granskog,
har det plass i oss -
og sidan er det der
heile heile tida.

Meterdjup fonn
kring mørke tre
- det er for oss!
Innblanda i vår eigen ande.
Heile heile tida,
om ingen ser det,
har vi snø og granskog med.

Ja lia med snøen,
og tre ved tre
så langt ein ser,
kvar vi er
vender vi mot det.

Og har i oss ein lovnad
om å koma heim.
Koma heim,
gå borti der,
bøye greiner,
- og kjenne så det fer i ein
kva det er å vera der ein høyrer til.

Heile heile tida,
til det er sløkt
i våre innlandshjarte.

—-

og det er då vel bra, dette?

So much depends
upon

a red wheel
barrow

glazed with rain
water

beside the white
chickens.

seier no berre eg (og William Carlos Williams).

FINT

What More Can I Say? (Om å kome heim til tidleg vår)

Kirsebærtreet Skriv ut
Det stend eit tre i hagen
og sprikjer i vårkalde dagen
med skinande nysnjo-grein.
Det duskar mot stoveglaset
og drys over fjordgamle graset
blomane ein for ein.

Og det er kirsebærtreet
innafor hageleet
som blømar i tidleg vår.
Mot gråe kytjeveggen
luter det krokne leggen
og signar oss atter eit år.

Tusund angande blomar
brusar um tak og plomar;
heilagt og kvitt og stilt
skin det i døkke næter
og freden i tunet gjæter
-ei jartegn på vår og mildt.

Det speglar seg bljugt i strondi,
og minner um austerlondi,
um japanske hagar og dikt.
Det tøygjer toppen i tråe
mot alle snjofjell blåe
til vår i kulde vigt.

- Olav H. Hauge

(Nok ein gong)

Usj

Dette er eit ypparleg døme på valdtekt av eit elles fint bokomslag:

Forferdeleg!

Hästmannen

http://svtplay.se/v/1832282/dokumentarfilm/hastmannen

Fin dokumentar. Sjå den innan måndag 29. Mars!

Notre collaborateur Benjamin Péret injuriant un prêtre

For eit herleg, barnsleg bilete! Vive la révolution surréaliste!

(Foresten, tittelen tyder “vår kollega Benjamin Péret fornærmar ein prest” eller noko i den dur.)

Spennande kvardag

http://www.dagbladet.no/2010/03/21/nyheter/ran/innenriks/10957288/

No har det nett vore ran, endåtil med ein “våpenlignende gjenstand”, på Sagene sin kjære bingo, om lag 50 meter frå huset mitt.

Eg trur eg kreperer av spenning.

Quirky

Minn meg på

Minn meg på å lese Olav H. Hauge, Witold Gombrowicz og Lars Norén sine dagbøker neste gong eg har skikkeleg, skikkeleg god tid!

Anders Bodegård skriv i føreordet til Gombrowicz:

“Til Rita säger han de vakra orden: “Jag är centrum i universum, men det är du också.” Kanskje är det så att när han blåser upp sig själv, blåser han upp också mig, dig.”

Eg har tru på slik litteratur. Trur eg.

Hipphurra

Etter så mykje tull og tøys frå alle kantar i media er det utruleg klårgjerande å høyre mannen sjølv snakke.

Marta Norheim intervjuar Karl Ove Knausgård:

606874

« Older entries

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.